Matministeren vitja RauaLøo i Rosendal, og fekk i den anledning servert Sundepølsa.

Dette var utruleg godt, veldig smakfullt. Det er første gongen eg smakar Sundepølse

Trygve Slagsvold Vedum

Meir om besøket kan lesast hjå Kvinnheringen.

Posted

Vestlandet smaker av brun geitost og sommerhonning I forbindelse med Bondens Marked. Lørdag 18. september i Førde ble årets beste produkter i Hordaland og Sogn og Fjordane kåret. Seks produkter, tre fra hvert fylke, er klare for nasjonal finale senere i høst. Sundepølsa gjekk vidare frå Hordaland som «årets produkt». Dette er andre gongen Rosendal Gardsmat kvalifiserar seg i «Det Norske Måltid», og Åshild Mehl gleder seg stort til den landsomfattande finalen seinare i haust!

Posted

Rosendal Gardsmat si Sundepølse vart under Bergen Matfestival i helga kåra til årets produkt.

Bergen Matfestival vart arrangert på Bryggen frå fredag til søndag. Festivalen er landets største møteplass for småskala matprodusentar som foredlar eigne råvarer, og som nyttar høvet til å selja varene frå eigen stand. Festivalsjef er Gunnar Nagell Dahl, mellom anna kjent for sitt samarbeid med Rosendal Fjellstreif. Eit av høgdepunkta under arrangementet var konkurransen «Smaken av Norge». Prosjektet «Det norske måltid» arrangerer konkurransar i alle fylka i landet, og målsetnaden er å finna og synleggjera dei beste norske råvarene og produkta. Det er eigne klassar for beste råvare frå sjø/vatn, beste råvare frå land og beste matprodukt/bearbeida produkt. Det vart altså kvinnhersk siger i den midtarste kategorien.

Posted