Historie

I 2001 overtok Åshild Mehl produksjonsrettane til den tradisjonsrike Sundepølsa, og i dag driv ho produksjon frå småbruket i Rosendal.

1936 var året då Øyvind Olsen og Gunnar Røssland byrja å produsera den etterkvart så legendariske Sundepølsa på Sunde i Sunnhordaland. Som vart levert til over 20 butikkar på Vestlandet.

Etter krigen overtok Lars Olsen delen til Røssland, til han la ned produksjonen ved årskiftet 2001. På dette tidspunktet var det mange som frykta at dette var slutten for den populære pølsa. Men på sommaren same året vart det klart at Åshild Mehl skulle overta produksjonen.