Rosendal Gardsmat si Sundepølse vart under Bergen Matfestival i helga kåra til årets produkt.

Bergen Matfestival vart arrangert på Bryggen frå fredag til søndag. Festivalen er landets største møteplass for småskala matprodusentar som foredlar eigne råvarer, og som nyttar høvet til å selja varene frå eigen stand. Festivalsjef er Gunnar Nagell Dahl, mellom anna kjent for sitt samarbeid med Rosendal Fjellstreif. Eit av høgdepunkta under arrangementet var konkurransen «Smaken av Norge». Prosjektet «Det norske måltid» arrangerer konkurransar i alle fylka i landet, og målsetnaden er å finna og synleggjera dei beste norske råvarene og produkta. Det er eigne klassar for beste råvare frå sjø/vatn, beste råvare frå land og beste matprodukt/bearbeida produkt. Det vart altså kvinnhersk siger i den midtarste kategorien.

Posted